Har du lyst til å laga din eigen bringeduk eller ditt eige belte? No har du sjansen til å læra perleteknikken. Over sju samlingar får du rettleiing til å sy eit belte eller ein bringeduk. Du vel sjølv om du vil sy perlene på stramei eller arbeida med lausperling. Kurslærar er Gunn Berit Nødland. Påmelding innan 17.08.26