Me inviterer, saman med Onarheim Idrettslag og Uren Luren 4H, til ein kjekk Kom Deg UT - dag i Solheimsdalen no fyrstkomande laurdag! I år er det fokus på bål, så me viser deg korleis me lager bål ute!
*Me lager mat på bålpannene ved varmestova. Ta gjerne med turkoppen din så får du noko varmt å drikke.
*Det er no perfekt vintervêr her på Tysnes, så spenn på deg skia og ta med akebrett og bli med oss UT!
*Det blir òg tur-quiz med premier som vanleg.
Dette arrangementet er gratis og ope for alle! Klè deg etter vêret, men ta gjerne med ekstra ull i sekken.